Synden & Gleden

Bli med på en reise gjennom ulike vokale tradisjoner i folkemusikken. Alpaca Ensemble har i samarbeid med Unni Løvlid og Trygve Brøske skapt en konsert basert på og inspirert av norsk folkemusikk. 

Hør et utdrag

Hør mer / kjøp plata her : Particular Recordings Collective

Komponisten Trygve Brøske har tatt utgangspunkt i norske folketoner, salmer, sanger og revyviser som alle kretser rundt temaet synd og glede før og nå. Verket “Synden og Gleden” viser også på en humoristisk måte hva vi oppfatter som synd i dag. Verket er et møte mellom folkemusikktradisjonen, vestlig kunstmusikk og improvisasjon.

Unni Løvlid er en av Norges mest interessante folkesangere, med trygg forankring i tradisjonen samtidig som hun har eksperimentert og fremført mye samtidsmusikk. 

Medvirkende:
Unni Løvlid, sang
Jovan Pavlovic, trekkspill
Sigrid Stang, fiolin
Marianne B. Lie, cello
Else Bø, piano
Tor Haugerud, perkusjon

Lanseringskonserter:
2019:
7. april – Glåmos
8. april – Dombås
21. mai – Trondheim
22. mai – Austråttborgen
september – Folkemusikkscena i Oslo og Hilmarfestivalen

2020:
mai – Vårsøgfestivalen

Religiøse folketonar har alltid fascinert meg. Både fordi det sjølvsagt er utruleg mange flotte melodier, men også for at tekstuniverset er så fjernt fra vår tid, og samtidig ofte har eit forkvakla menneskesyn som går ut på at det viktigaste her i livet er å påminne oss om kor syndige vi er, kor viktig det er å ikkje ha det morosamt, og kor godt det skal bli å bli ferdige med dette syndige livet.

Det litt triste er jo at denne moralismen har prega vår samfunnsutvikling og vårt levesett i svært stor grad også heilt fram til vår tid. Eg kan eigentleg ikkje tenkje meg at dei som befatta seg med religion då dei ulike religionene var unge ville ha det så kjedeleg. Og moralistane styrer framleis på. Dei religiøse er ikkje alltid dei verste heller – moralismen står vel så sentralt i spørsmål rundt kroppsideal, politiske valg, barneoppdragelse og mykje meir.

I folkemusikken og folkesongen så må det tydeleg ha vore sterke behov for å utreagere mot alt dette moralistiske og høgverdige. Og dermed fekk vi all slåttemusikk, griseviser, skjemt og fjas 🙂 

For å vise fram dette spennet i både folkemusikk og anna artig musikk kan eg ikkje tenkje meg ein betre gjeng enn denne som her utgjer Alpaca Ensemble! Her er det fanskap, sentimentalitet, melankoli, alvor og tullskap som ein må ha for å gjere noko sånt. Også er det Unni: Ein totalt grenselaus songar som er i stand til å sette si farge på kva det skal vere!

Og slik blir dei ståande desse to: Synden og Gleden.
Men størst av dei er gleden i synden!





Trygve Brøske